Turprogram 2026

Bli med på guida tur for å finne den beste snøen og den finaste utsikta!

Guida turar

Lom skifestival samarbeider med Fyrst og fremst om guida turar fredag og laurdag. Guidane har kjennskap til fjella vi skal inn i. Dei har fjellerfaring under huda og turglede og formidlingsevne som berre ventar på å sleppe til på skifestivalen.

På Lom skifestival legg vi ikkje vekt på målet, men på å gi deg ein fin og lærerik tur. Vi legg turen dit den gode snøen er. Plass på guida turar er kun for deltakarar med festivalpass. Meld deg på i god tid slik at vi får sikra oss dei trivelegaste guidane. 

Leige utstyr?

Leig skiutstyr til festivalpris!
Iver Lund Aakre i Fyrst og Fremst leiger ut skiutstyr frå sin samarbeidspartnar Salomon.

Skipakke inkluderer ski, sko, stavar, feller og kostar 500,- for ein dag. Skredutstyr kostar kr 150,- per dag. Er du påmeldt guida tur med Fyrst og Fremst får du låne utstyr gratis.

Ta kontakt med Iver på post@fyrstogfremst.no: oppgi di høgde og vekt, skostørrelse og lengde på foten (frå fremste tåa til hælen), samt dato du ynskjer å leige. NB! Med atterhald om tilgjengeleg utstyr.

Turprogram

Det er ikkje krav til tidlegare erfaring. Blir det stor interesse kan vi nivådele i grupper.
Ta kontakt med Iver i Fyrst og Fremst på post@fyrstogfremst.no for leige av utstyr.

Bestill tur når du kjøper festivalpass.

Turar fredag

Tur med lokalkjend førar

Vil du bli med til den beste snøen? Ut på tur med ein stødig, trygg og lokalkjend førar? Da er dette turen for deg. Vi har det ikkje travelt på tur, men søker å finne kvar det er best skikøyring. Er det vêr og føre for det, dreg vi innom ein topp. NB! Det er godt mogleg turen går same plass fredag og laurdag.

Ta med:

  • Fjellski eller alpint turutstyr (med feller og gå-funksjon)

  • Skredpakke (sender/mottaker, søkestang og spade)

  • Klede til å halde seg varm, samt mat og drikke til å bruke dagen ute

Temadag: Teknisk ferdsel i vinterfjellet

– Ei praktisk innføring i trygg ferdsel i bratt og utsett terreng

Denne dagen er retta mot deg som ynskjer å utvikle tekniske ferdigheiter for trygg ferdsel og redning i krevjande terreng. Vi kombinerer skikøyring med praktisk arbeid i felt, der deltakarane får øve på vurdering, sikring og redningsteknikkar under realistiske forhold.

Tema for dagen:

  • turplanlegging og førebuing: utstyr, rute og risikovurdering

  • vurdering av terreng og trygge vegval

  • etablering av standplass og rapellfeste for nedfiring og enkel breredning

  • bruk av stegjern og isøks i bratt og eksponert terreng

Målet er å gi deltakarane praktisk erfaring med teknikkar som aukar tryggleiken og kompetansen i bratt fjellterreng.

Ta med:

  • Alpint turutstyr (med feller og gå-funksjon)

  • Skredpakke (sender/mottakar, søkestang og spade)

  • Stegjern, isøks og klatresele (er inkludert hjå oss, men du kan bruke og bli kjent med eige utstyr)

  • Klede for ein dag ute, mat og drikke

Trygg på bre

- Ein introduksjon til å kunne ferdast trygt med ski på snødekt bre

Dette er eit omfattande tema, men målet denne dagen er å bli bevisstgjort kva ein må passes seg for når ein ferdast på ski over ein snødekt isbre. Brelære, snøkjennskap og vegval blir viktige tema, så vil tidsbruken avgjera kor mykje vi får gjort rundt breredning.

* dersom ein gjeng har interesse av å bruke to dagar for å gå grundigare til verks kring denne tematikken, så må dykk gjerne ta kontakt.

Ta med:

  • Alpint turutstyr (med feller og gå-funksjon)

  • Skredpakke (sender/mottaker, søkestang og spade)

  • * Breutstyr (er inkludert hjå oss, men du kan bruke og bli kjent med eiga utstyr og)

  • Klede til å halde seg varm, samt mat og drikke til å bruke dagen ute

Turar laurdag

Tur med lokalkjend førar